Velkomen til Nordiskesprak.net!
På denne filmbaserte nettstaden kan du:
- sjå korte filmar om nabospråka dansk, norsk og svensk
- lære om likskapar og skilnadar mellom dei tre skandinaviske språka
- teste kunnskapane dine i ein quiz om danske, norske og svenske ord og uttrykk
- lytte til språkprøvar frå danske, norske, svenske og finlandssvenske ungdomar
Nettstaden er laga for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule. I tillegg vil lærarstudentar kunne ha
nytte av ressursane her.
Bli med inn på nordisk tivoli, då!
