Dansk | Norsk bm | Norsk nn | Svenska

Om Nordiske språk

Nordiske språk er ein gratis undervisningsressurs for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule i heile Norden. Gjennom korte filmer og interaktive tekst- og lytteoppgåver skal ressursen

  • stimulere lytteforståinga av dansk, svensk og norsk tale
  • synliggjere likskapar og skilnader mellom dei tre språka og dermed auke språkforståinga hjå ungdom
  • bruke ungdom aktivt både i filmane og dei tilhøyrande ressursane
  • gje lærarar eit enkelt, fleksibelt og spennande verkty til å arbeide med forståing av nordiske språk i undervisninga

 

Nordiske språk var ein av to vinnarar i konkurransen som Nordisk Ministerråd utlyste i 2010 om å utvikle gode språkverktøy for å auke forståinga av svensk, dansk og norsk hjå born og unge.

 

Informasjon til lærarar

På nettstaden finn du korte filmer á 5 – 7 minutt med tilhøyrande oppgåver, ein filmbasert quiz, språkprøver og lenker til andre nettressursar om nabospråksundervisning.

Materialet på nettstaden er fleksibelt i bruk. Det kan brukes i enkeltståande skuletimar, i gruppe- og temaarbeid eller som oppstart til litteraturundervising om nabospråka norsk, svensk og dansk.

Det er laga forslag til diskusjonsspørsmål som kan brukas i klassen før og etter filmvisninga. Nokre av spørsmåla har som mål å aktivisere forkunnskapen alle elevar sit inne med om nabospråka i Norden og slik førebu elevane på tematikken i filmane.

Spørsmåla er meint som forslag. Føy gjerne til eigne spørsmål som passar betre til det undervisningsopplegget klassen er i gang med.

 

Faggruppe

Ei eiga faggruppe har følgd prosjektet frå oppstart til ferdigstilling. Medlemane i denne faggruppa har vore:

Lis Madsen og Sophie Holm Strøm: Dansklærerforeningen

Maria Löfstedt: Svensklärarföreningen

Øystein Jetne og Kjersti Solbu: Landslaget for norskundervisning

Knut Åge Teigen, Snöball Film

Wenche Erlien, Snöball Film

 

I tillegg har professor Arne Torp ved Universitetet i Oslo bidrege med faglege innspel både til innhaldet i filmane og ikkej minst norrøn skrift og tale. Bodil Aurstad i Nordisk Sprogkoordination har også vore hjelpsam med både faglege og administrative råd.